Velkommen til Hardanger Revisjon as

Hardanger Revisjon vart etablert i august 2004. Oppdragsansvarleg revisor i selskapet er Bjørn Christian Laupsa. Laupsa er utdanna Siviløkonom og Statsautorisert revisor, og har tidlegare vore ansatt hjå revisjonsselskapet Deloitte. I løpet av dei sju åra i firmaet, jobba han fem år i avdelinga i Oslo, samt 2 år i Bergen.

Hovudkontoret ligg i Øystese, samtidig er det lagt opp til ein kontordag på Husnes. Primærmarknaden for selskapet er Kvam og Kvinnherad, kundar frå andre distrikt er òg velkomne.

Fordelane med å nytta eit lite revisjonsselskap er kort responstid på henvendelsar frå kundane. Oppdragsansvarleg revisor er også den som utføre revisjonsarbeidet, noko som gjer at revisjonsarbeidet vert utført meir effektivt. Dette gjer også sitt til at kostnadsnivået og prisane for dei ulike tenestene som regel vert lågare.

Sjølv om selskapet er lite, har selskapet knytt seg opp mot ulike faglege ressursar. Hardanger Revisjon er med i ei gruppe på 4 revisorar i Hordaland som har fagleg utveksling. I tillegg er selskapet medlem av Den norske Revisorforening, som har eit servicekontor der ein kan drøfta faglege problemstillingar innan rekneskap, skatt og revisjon.